tirsdag 28. mai 2013

Jentekjole

Eg er så glad, glad, GLAD for at førskulejenta har kome over ullskrekken sin! Eg er usikker på kva som utløyste den i si tid men fryktar at det var eit ublidt møte med ein altfor-tjukk-og-stiv genser ein gong. Frå ho var tre til ho var fem nekta jenta konsekvent å gå med strikkeklede, takk og lov var ullundertøy greitt. Men gradvis tilvenning ser ut til å ha funka, og no har ho til og med ønska seg ny genser til hausten. Det begynte med luer og votter og fortsatte med tunika - eit magisk ord som får jenter til å ikle seg alt frå kjoler til vestar til gensarar. I alle fall her i huset. Og når me kom så langt som til denne kjolen her så var det faktisk heilt greit å kalle det kjole også, og jenta har gått med den heile vinteren med stor glede. Mission accomplished!

Den var altså ferdig i januar ein gong, men bloggelysta har vel vore heller laber i vinter. Eg viser den like godt fram no, for eg er i grunnen ganske fornøyd med den. Eg har tatt utgangspunkt i oppskriften Mauna, men sidan eg ser ut til å vere ute av stand til å følge eit mønster til punkt og prikke så blei det litt andre løsningar denne gongen også. Eg droppa stripene og la inn eit felt med juksefletter i livet i staden, syns det ga ei fin markering pluss at eg hadde lyst til å prøve litt mønsterstrikk. Men eg ser at eg av ein eller annan grunn har strikka ei rad glattstrikk i rødt under dette mønsterfeltet, gjett om det går meg på nervane! Så laga eg i-cordavslutning nederst, det syns eg funka veldig fint og eg kjem definitivt til å bruke det igjen.

Garnet er Shetland soft frå Malsen og Mor, strikka frå toppenog ned på pinne nr 3,5. Eller var det kanskje 4? Trur eg må begynne å bruke Ravelry meir aktivt så eg kan ha kontroll på detaljane. Har hekla rundt åpningen bak, og sydd på ein knapp frå stashet som jenta valgte sjølv. Den er nok egentlig litt i tyngste laget men ho syns den var så fin, og då måtte det bli den. Alt som kan bidra til at dei små vil bruke heimelaga klede går eg med på med glede! Eg syns fasongen på kjolen er kjempefin, og driv no og leitar etter noko liknande i voksenversjon. Ikkje særlig ammevennlig kanksje, men hvis eg begynner no så er eg sikkert ferdig å amme til den blir ferdig. Tips anyone?


fredag 24. mai 2013

Eit lam om våren

Til de som kommenterte på forrige innlegg og ønska oss lukke til - det gjekk over all forventning på førskuledagen! Flinke jenta hadde tydeligvis bestemt seg for at dette skulle gå bra, og det var ikkje ei tåre eller ei skjelvande underleppe å sjå, berre resolutt vilje. Det lovar bra for både skulestart og livet ellers, håpar eg. 

No er det vel på tide å vise fram gåva ho fekk til seksårsdagen sin. Eg spurte henne i god tid kva ho ønska seg, ein plass på lista etter klokke, dongeribukse, prinsessematboks og eit-eller-anna-som-lagar-lyd-og-har-blinkande-lys-samme-kva-det-er svarte ho at ho ville ha eit lite lam. Det måtte vel gå tenkte eg og satte i gong med skisser. Som vanleg vart eg ferdig i siste liten, kvelden før faktisk. 

For eit par veker sidan kjøpte eg den nye boka til Abby Glassenberg. Endå eg reknar meg for ein etterkvart erfaren leikedyrmakar var her ein del nye idear og gode tips om teknikkar, og eg prøvde meg på eit par nye ting her. Artig! Det var ganske tidkreande derimot, men kankje eg lagar ein litt enklare versjon til eplabutikken etterkvart?


tirsdag 21. mai 2013

Med hjertet i halsen

Jenta mi fylte seks år på søndag, og det betyr at ho skal begynne på skulen til hausten. I likheit med sikkert alle andre seksåringar i landet gler ho seg og gruar seg på same tid. Men eg er litt redd for at ho gruar seg meir enn ho gler seg. Jenta er ganske sjenert eller kanskje snarare reservert, ho likar ikkje å forholde seg til folk ho ikkje kjenner og ho hatar oppmerksomheit. Ho likar seg best i trygge, vante omgivnader og ho vil helst ha familien rundt seg. Men ho er svært sjølvstendig, ho har klare og bestemte meiningar og ho er både smart og vakker. Så eg trur nok det vil gå henne godt i livet, men akkurat no har ho ei litt røff tid stakkar, der ho gråter i skjul fordi ho ikkje maktar tanken på å vere åleine, heilt åleine, blant eit hav av andre førsteklassingar ho ikkje kjenner. Kven kan klandre henne for det?

Første bøyg kjem no på torsdag, då er det førskuledag. Eg og ho og minsten skal ned på skulen og møte læraren og dei andre som skal gå i klassen.  På eit tidspunkt i løpet av dei to timane me skal vere der skal foreldra gå frå ungane og vere på eit foreldremøte i eit anna rom. Dette gjer den stakkars jenta mi livredd. Og det gjer meg vondt å sjå at ho har det så vondt. Kva skal ei stakkars mamma gjøre då? Eg veit ikkje.

Men eg prøver på mitt vis å få henne til å føle seg trygg, og ein ting eg tenkte kunne vere verdt eit forsøk er å lage ein slags amulett til henne, noko ho kan ha med seg som eit teikn på at ho har oss med seg i ånden i alle fall. Så eg fann fram stoff og tråd og prøvde meg på litt brodering - ikkje mi sterkaste side men det er jo gøy å prøve seg. 
Eg er ikkje egentlig sånn som likar å dekorere med hjerter overalt, men i dette tilfellet passar det jo bra, dessutan er det jo sånt småjentene likar. Så hjerte blei det, av ein mjuk ullstoffrest, pynta med broderi, perlemorsknapp og glassperler. På baksida broderte eg forbokstavane til pappaen, meg og dottera. Hjertet er fylt med litt ull, og tredd med eit smakt silkeband så ho kan velje om ho vil ha det i lomma eller rundt halsen under genseren. Eg kryssar fingrane for at dette hjertet gir henne den tryggheita ho treng, og at førskuledagen ikkje byr på altfor store traumer!