torsdag 10. januar 2013

Strikkeplanar framover

Som eg har skrive om tidlegare bytta eg til meg masse fint garn frå Malsen og Mor då eg laga ein ullversjon av katten Malsen i fjor. Og det ser ut til at han har det fint i sin nye heim, syns de ikkje? Ei stund seinare var på på åpent lager hos matmora og fekk plukke med meg masse fint garn heim! Eg likar veldig godt garnet derfrå, eg er alltid svak for melerte fargar og min favoritt er nok Shetland soft-garnet som fins i utruleg mange variantar. Her er det eg hadde med heimatt:

Shetland soft i fargen Akvamarin. Eg husakr ikkje heilt kor mykje eg kjøpte av dette, men det skal i alle fall vere nok til eit stort plagg til meg sjølv. Genser? Tunika? Jakke? Eg har ikkje bestemt meg enno, forslag mottas med takk. Uansett må eg vel vente til gravidmagen er borte.
Enno meir Shetland soft, i lilla og med eit nøste rødt for kontrast. Dette er eg i gang med allereie, det skal bli kjole/tunika Mauna til jenta i huset på 5 år. Ho nektar å gå med strikkegenser men tunika, det kan ho leve med... Eg strikkar den utan striper, i lilla, men skal ha rødt i halsopning, ermeopning og i livlinja. Fargane er gudskjelov godkjente av jenta sjølv, det er alltid eit sjansespel å handle inn til henne utan at ho er med.



Då Hifa annonserte det nye pelsullgarnet sitt i fjor haust var eg veldig spent på å sjå det - i likheit med mange andre tippar eg. Norskprodusert, og det av norsk ull også, sånt likar eg.  Malsen og Mor forhandlar dette garnet, og det levde opp til forventningane. Eg plukka med meg desse hespene, og tenkte eg skulle prøve meg på noko fair isle-liknande, a la dette kanskje? Eller ei lue muligens? Eg syns uansett at dei duse jordfargane er nydelige, og ser ikkje bort frå at eg kanskje må investere i eit par fargar til for å riktig få ein brei palett i prosjektet - kva det no enn blir.
Frå eit tidlegare kjøp har eg desse liggande også, planen er å bruke dei opp i løpet av året. Det er Malsens tweed, eg har brukt det grå til å strikke ein vest til guten min som straks er tre, og den er eg ganske fornøyd med. Skal vise den fram så snart den er rein igjen! Garnet er mjukt og deilig, og eg likar godt fargeskifta i det. Eg her to nøster igjen av det grå, det må eg klare å finne på noko med. Så har eg 15 av det grønne, det skal bli jakke i flettestrikk til meg sjølv. Men på velkjent vis har eg store problem med å bestemme meg for eit mønster. Eg har sett litt på denne men er ikkje heilt fornøyd, akkurat no heller eg litt meir mot Rosamund's Cardigan.

Også har eg litt restar liggande etter dinosaurgenseren eg strikka til guten min, Shetland soft i fargen isfugl. Det er vel ein to-tre nøster trur eg, og fargen står utmerka godt til eit nøste silkeull som eg fekk som smaksprøve. Så eg tenkte eg skulle pøve å kombinere desse i eit eller anna - kanskje på tide med litt babystrikk til han som kjem snart?
Det var alle foreståande strikkeplanar så langt, eg trur eg skal ha nok tidsfordriv dei neste seks vekene fram mot termin i alle fall. Så får me sjå kor mykje strikking det blir med ny baby i hus, sånt veit ein jo aldri på forhånd. Om han er lik broren så har han eit fantastisk sovehjerte, er han lik søstra så får eg vel ikkje gjort så all verdas mykje denne våren. Uansett blir det bra å få han ut!

6 kommentarer:

  1. http://madelinetosh.com/store/index.php/patterns/fall-away-cardigan.html

    Denne er fin syns eg, skulle tru den blir veldig fin med shetlands-ulla.

    SvarSlett
  2. Heidu! Høres ut som du er like interessert i fugler som meg - ikke mange "vanlige" mennesker som vet hva en munk er : D Ja, det er en veldig fin tradisjon med de tovede fuglene. Interessen for fugler kommer fra pappa, derfor er det ekstra gøy. Han har dekorert hele kontoret sitt (på Stortinget hvor han jobber) med fugler og de får ganske mye oppmerksomhet. Jeg har tilogmed fått et par bestillinger på den måten. Tenker stadig på at jeg skal lage noen og se om det er interesse for dem i butikken, men tovingen er en så mye mer omstendelig prosess enn det å sy...det får været årets mål å begynne med det! Uten å gå deg i næringen, altså, for der dine ulldyr er fine å kose med er mine fugler bare til pynt!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, fugleinteressa har nok alltid vore der i større eller mindre grad - me fører oversikt over alle aertar som er på besøk i/rundt hagen vår, så langt er me oppe i ca 35 stk. Siste var hønsehauken som sat på taket av hønsehuset forleden dag, ikkje fullt så hyggelig men ganske fascinerande.

      Toving er definitivt tidkrevande, men så flotte resultat ein kan få! Blir spennande å sjå kva du får til.

      Slett
  3. Oi oi! Her var det mykje fint! Fyrst av alt, tusen takk for veldig kjekk kommentar på bloggen min! I mine glade studiedagar hadde eg deltidsjobb på Nilssen på Bryggen (i Bergen), -eg elskar å spøte! Så det var veldig kjekt å komme innom denne bloggen og sjå kva du lagar. Eg kjøpte pelsull frå Hillesvåg rett før jul og laga meg eit par vottar. Deilige, men det klør pittelitt, så det er nok eit "voksent" garn. Lykke til med alle dine prosjekt! Skal stikke innom og få med meg det som skjer :) Ha ein bedageleg dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk, det høyres ut som den perfekte deltidsjobben! Har lurt litt på om pelsulla kan klø ja, får ta det med i betraktninga når eg tenker på kva eg skal bruke den til. Takk for tips!

      Slett