torsdag 24. januar 2013

Løve

Det blei ei løve ut av gårsdagens økt med symaskina, guten fekk opne pakken i senga og var rimelig fornøyd heilt til han fekk pakke nr 2, ein brannbil. Ein stor brannbil. Gjett om den overskygga hr. Løve, då! Men det hadde eg i grunnen rekna med. Etter ei stund kom han på at løva kunne sitte oppå brannbilen, og vips så var det ei brannmannløve - stor stas. 
Løva er laga etter det same mønsteret som katten eg laga for ei tid tilbake, men hovudet er naturligvis nytt. Halen er også annleis enn katten sin. Løvemanken kunne nok vore fyldigare ser eg, men det er jo mange lag som skal gjennom symaskina og det er ikkje alltid det funkar så godt. 

Auge syns eg alltid er vanskelig. Eg likar stort sett å gi dyra mine små, svarte auge - då syns eg dei får eit fint uttrykk som er nøytralt nok til å passe dei fleste situasjonar. Om ein begynner å gi dei andre type auge så påverkar du plutselig personlegheita til dyret, og det er ikkje alltid det tar den retninga eg ville det skulle. Same prinsipp blir jo brukt når ein lagar waldorfdukker, ansiktstrekka skal vere ganske minimalistiske slik at barnet sjølv kan tillegge dokka personlegdom og tankar/kjensler. 

Denne gongen prøvde eg meg på noko litt meir enn dei sedvanlege små, svarte prikkane, og la til litt kvitt rundt sidan løver faktisk har det. Eg veit ikkje kor fornøyd eg er med resultatet, men det er no det der er for denne gong. 

Det blei ingen tur i skogen på fotoshoot denne gongen, ein snartur ut i den frosne hagen fekk vere nok. Stakkars løva burde ha fått varme klede å ha på seg, men det får heller vente. Det einaste grøne å oppdrive var restane etter grønnkålen i kjøkkenhagen, og det einaste byttedyret i sikte var ei høne som hadde stukke av frå hønsegarden. Det ser ut til at han har eit sultent blikk der han står, ikkje sant?

onsdag 23. januar 2013

Butikken er open

Eplabutikken min har vore stengt sidan før jul, men no har eg omsider tatt ei lita opptelling over ting eg hadde liggande og opna opp igjen med eit utval harepusar og masker. Eg kjem ikkje til å sy noko nytt no i første omgang sidan kroppen ikkje er så god venn med symaskina for tida. Men når det lir litt lenger ut på våren så håpar eg å komme i gang igjen!
Når det er sagt, så måtte eg berre sy litt i dag. Sonen i huset fyller tre år i morgon, og då klarar ikkje eg å la vere å lage eit ulldyr til han. Nokon som kjenner den der kjensla? Når du berre må ferdigstille eit prosjekt eller setje ein ny ide ut i livet? For meg er det i alle fall ein stor drivkraft, eg veit ikkje heilt kva som utløyser det (utanom ungane sine bursdagar, då!) men som oftest oppstår trangen litt i seinaste laget og prosjektet blir sjelden ferdig før i seinaste laget. For eitt år sidan var det reven som blei ferdig kvelden før, og i mai når dotter mi fylte fem rakk eg akkurat å få ferdig dokke til henne.

Her er materiala eg fann fram til å lage dette seinaste ulldyret til guten min, det er eit dyr han har vore veldig opptatt av den siste tida, kanskje nokon klarar å gjette kva det er ut  frå fargane? Som vanleg er det ymse ullgensrar frå loppemarknader og brukthandlar som er utgangspunktet. Hvis alt går etter planen kan eg vise fram bilder av det ferdige produktet om ein dag eller to.
 Og så må eg berre vise fram pakken som kom heilt overraskande i posten i går, frå Guro som har eplabutikken God som Grønn. Heilt ut av det blå sendte ho meg eit kjempefint stykke stoff ho hadde funne på brukthandelen, gjett om eg blei glad! Dette trur eg nok skal kunne blir ein finfin liten dress til eit eller anna ulldyr, tusen takk til Guro som kom med dagens oppmuntring til meg i går!
Ellers må eg nesten få lov til å reklamere litt for slekta. Søstra mi har lagar fantastisk gode økologiske hudpleieprodukt, Rein hudpleie, dei er til sals litt her og der og ho har også opna eplabutikk. No kjører ho i gang ein konkurranse der ein kan vinne eit valfritt produkt, alt du treng å gjøre er å like facebooksida samt legge igjen ein kommentar i bloggen hennar om det så er du med. Pr i dag brukar eg leppepomade både med og utan farge, ansiktsolje, lip gloss og ringblomstsalve frå henne og har ingen problem med å anbefale dei på det varmaste. No ønsker eg meg handsalve, kanskje eg må hive meg med i konkurransen eg også!

mandag 21. januar 2013

Ventetid

Eg ventar og ventar, fem veker igjen til termin no. Sidan eg er fint lite mobil og stort sett held meg i sofaen, så blir det jo ein heil del strikking, her er er litt av den seinaste produksjonen.

Eit par sokkar til meg sjølv, strikka i Sisu på pinne nr. 3. Likar godt den mørke blågrøne fargen! Eg trur det blir lenge til neste gong eg strikkar sokkar i voksen størrelse med så tynt garn, det blei ganske kjedelig i løpet av sokk nr. 2... Dei er strikka frå tåa og opp etter denne forklaringa, slik at eg kunne bruke nøyaktig eit nøste på kvar sokk - ville ha dei litt lange. Eg la til eit enkelt fake-flettemønster fordi eg hadde lyst til å prøve. Det gjør sokken veldig elastisk og den held seg godt på foten. Det einaste eg ikkje er heilt nøgd med er at det blir ein litt rar spiss på tåa, hvis eg skal bruke denne oppskrifta igjen skal eg nok gøre litt endringar i aukinga der. Uansett er dette gode sokkar å ha på seg desse kalde vinterdagane, og dei varmar godt oppetter leggane også.




Så var det sonen i huset sin tur til å få noko, han trengte sårt noko varmt om halsen no når det er så kaldt. Så eg strikka ein hals i full fart av eit nøste og litt restar Drops Nepal eg hadde liggande, totalt 60 gram. Eg begynte øverst og strikka meg nedover utan mønster, og la til ein liten flettevri på kvar side i vrangborden, for så å auke ut til skuldrane på same plass. Eg syns det blei ganske fint faktisk! For å få guten til å gå med den kalte eg det ein ridderhals. Alt som har med riddarar og sverd er nemlig gøy, takka vere NRK sin kalenderserie"Julekongen" - ein hit hos både store og små her i huset. Og jammen syns eg ikkje den er litt ridderaktig også, med den fine støvblå/grå/turkise fargen. Kanskje eg skal prøve å pønske ut ridderlue og -vottar som passar til?

Kjolen som eg held på med til storesøstra nærmar seg også slutten, eg gler meg til å sjå korleis den blir. I mellomtida får eg prøve å bestemme meg for om det skal bli babystrikk eller noko til meg sjølv som skal bli det neste på pinnene.



torsdag 10. januar 2013

Strikkeplanar framover

Som eg har skrive om tidlegare bytta eg til meg masse fint garn frå Malsen og Mor då eg laga ein ullversjon av katten Malsen i fjor. Og det ser ut til at han har det fint i sin nye heim, syns de ikkje? Ei stund seinare var på på åpent lager hos matmora og fekk plukke med meg masse fint garn heim! Eg likar veldig godt garnet derfrå, eg er alltid svak for melerte fargar og min favoritt er nok Shetland soft-garnet som fins i utruleg mange variantar. Her er det eg hadde med heimatt:

Shetland soft i fargen Akvamarin. Eg husakr ikkje heilt kor mykje eg kjøpte av dette, men det skal i alle fall vere nok til eit stort plagg til meg sjølv. Genser? Tunika? Jakke? Eg har ikkje bestemt meg enno, forslag mottas med takk. Uansett må eg vel vente til gravidmagen er borte.
Enno meir Shetland soft, i lilla og med eit nøste rødt for kontrast. Dette er eg i gang med allereie, det skal bli kjole/tunika Mauna til jenta i huset på 5 år. Ho nektar å gå med strikkegenser men tunika, det kan ho leve med... Eg strikkar den utan striper, i lilla, men skal ha rødt i halsopning, ermeopning og i livlinja. Fargane er gudskjelov godkjente av jenta sjølv, det er alltid eit sjansespel å handle inn til henne utan at ho er med.



Då Hifa annonserte det nye pelsullgarnet sitt i fjor haust var eg veldig spent på å sjå det - i likheit med mange andre tippar eg. Norskprodusert, og det av norsk ull også, sånt likar eg.  Malsen og Mor forhandlar dette garnet, og det levde opp til forventningane. Eg plukka med meg desse hespene, og tenkte eg skulle prøve meg på noko fair isle-liknande, a la dette kanskje? Eller ei lue muligens? Eg syns uansett at dei duse jordfargane er nydelige, og ser ikkje bort frå at eg kanskje må investere i eit par fargar til for å riktig få ein brei palett i prosjektet - kva det no enn blir.
Frå eit tidlegare kjøp har eg desse liggande også, planen er å bruke dei opp i løpet av året. Det er Malsens tweed, eg har brukt det grå til å strikke ein vest til guten min som straks er tre, og den er eg ganske fornøyd med. Skal vise den fram så snart den er rein igjen! Garnet er mjukt og deilig, og eg likar godt fargeskifta i det. Eg her to nøster igjen av det grå, det må eg klare å finne på noko med. Så har eg 15 av det grønne, det skal bli jakke i flettestrikk til meg sjølv. Men på velkjent vis har eg store problem med å bestemme meg for eit mønster. Eg har sett litt på denne men er ikkje heilt fornøyd, akkurat no heller eg litt meir mot Rosamund's Cardigan.

Også har eg litt restar liggande etter dinosaurgenseren eg strikka til guten min, Shetland soft i fargen isfugl. Det er vel ein to-tre nøster trur eg, og fargen står utmerka godt til eit nøste silkeull som eg fekk som smaksprøve. Så eg tenkte eg skulle pøve å kombinere desse i eit eller anna - kanskje på tide med litt babystrikk til han som kjem snart?
Det var alle foreståande strikkeplanar så langt, eg trur eg skal ha nok tidsfordriv dei neste seks vekene fram mot termin i alle fall. Så får me sjå kor mykje strikking det blir med ny baby i hus, sånt veit ein jo aldri på forhånd. Om han er lik broren så har han eit fantastisk sovehjerte, er han lik søstra så får eg vel ikkje gjort så all verdas mykje denne våren. Uansett blir det bra å få han ut!

tirsdag 8. januar 2013

Vårgrønt?

Tenk, då var det gått ein heil månad sidan siste innlegg! Snakk om å gå i dvalemodus, eller kanskje heller rugemodus. Eg vraltar rundt som ei framtung gås, det vil seie eg vraltar vel minst mulig sidan alt som handlar om å bevege seg er vondt, og om eg skal ut av huset må eg ha krykkehjelp. No er det 6-7 veker igjen til termin så eg begynner i det minste å sjå ein ende på det.

Og så har det vore både jul og nyttårsfeiring, det var hyggelig og veldig low key - ein kan kose seg sjølv om huset ikkje er heilt ship shape og julepynten litt redusert. Så det blei fokus på god mat og familie, og det er jo slett ikkje noko å kimse av. 

Eg har strikka og strikka kjennest det ut som, men har ikkje så mykje å vise igjen for det. Det har blitt både vest, tunika, sokkar og vottar til ungane - men alt blir visst tatt i bruk med ein gong det er ferdig og eg rekk ikkje ta bilder før det er havna i barnehagen eller i skittentøyskorga. Ikkje har det vore noko særlig til ver å ta utandørsbilder i heller. 

Heimestrikka julegåver har det også blitt, for det meste vottar og pulsvarmarar pluss ein hals, men også der må eg melde pass når det kjem til dokumentasjon. Skjerpings! 

Men i dag har det vore fint ver for første gong i det nye året, sola skin bak ein trolsk dis og eg tok med meg eit par ting ut i hagen/skogen for fotografering. Først ut er eit svært sjal eg hekla til meg sjølv. Det begynte eg på for lenge sidan, trur eg må ha kjøpt garnet for fleire år sidan, men det blei aldri ferdig. Når eg tok det fram igjen no i haust syns eg det måtte vere større, så eg gjekk på garnbutikken og vart overraska då eg fann at fargen framleis var i sortimentet, det er Drops alpakka i mørk oliven. Det er ein enkel bestemorruteteknikk med halvstaver, og tilslutt hekla eg ein tungekant rundt i ein litt lysare grøn. Perfekt sjal til å ha rundt skuldrane ein kjølig dag, eg seier meg nøgd!




Det har ikkje blitt mykje søm den siste tida, bekkenløsning og symaskin er ingen god kombinasjon. Men dokka til jenta i huset fekk seg to nye kjolar til jul, det var på høg tid med litt garderobefornying der. Kjappe og enkle prosjekt, slik det må vere no for tida.



Eg hadde i det heile tatt ei fin stund i hagen ein halvtimes tid før eg måtte inn igjen og legge meg ned, det var ein herlig dag og overraskande grønt på bakken - reine vårstemninga! Hønene fekk også kome ut i hagen ein tur, dei har ein stor og romslig hønsegard men der er det ikkje mykje grønt å finne. Som de ser storkoste dei seg på plenen og fann ein heil del gras å beite på. Dei verper på høygir om dagen, eg trur dei også må vere i vårmodus. Så her i huset er det egg til frokost, lunsj og kvelds om me vil. 

Håpar me får fleire sånne dagar no framover, for min del kan godt vinteren vere over no! Skjønt det er vel for mykje å håpe på.