torsdag 6. desember 2012

Nytt, gammelt hus

Midt oppi alt som skjedde tidleg i sommar - nygravid, travelt på jobb, generelt småbarnsfamilieliv - fann plutselig eg og mannen ut at det var ein god idé å kjøpe eit småbruk... 

Me bur forsåvidt landlig her me er no også sjølv om det berre er ein halvtimes spasertur til Bergen sentrum, huset står i skogkanten med milevis med villmark bak oss, me har eit mål hage med hønseflokk og egen bekk og så vidare. Men likevel har me i grunnen hatt ein plan om å dra lenger ut på landet, for å seie det sånn. Av ulike grunnar innebar planen at det skulle skje om fire-fem års tid. 

Men så dukka den perfekte plassen opp. Ein times kjøretur unna byen og ein liten sykkeltur unna foreldra mine ligg eit småbruk på om lag 70 mål med både hus og løe, ei nydeleg elv og eit sel på fjellet. Og det til ein pris som ikkje var heilt avskrekkande. Så me slo til, og sjølv om prisen blei noko høgare enn tenkt så er me storfornøyde. Planen var å sette huset i stand og få leid det ut fram til me er klare til å flytte, men det har sjølvsagt tatt lenger tid enn planlagt. Ikkje berre berre å pusse opp eit hus på "avstand" når ein berre har helgene til hjelp. Og når dessuten kona i huset er gravid og ubrukelig så faller veldig mykje på stakkars mannen.
Eg likar så godt desse gamle dørhandtaka!
Huset er bygd i 1893. Det er eit typisk vestlandshus av typen som vart bygd mykje frå 1880-åra og framover, med tydeleg inspirasjon frå Sveitserstilen. Det kom eit påbygg på 1990-talet som rommar bad og toalett, men ellers er det egentlig gjort svært lite modernisering - noko me syns er bra. Då har me moglegheit til å gjøre slik me vil på sikt, og oppretthalde originale overflater der me vil det. Ein god del viktig grunnarbeid derimot er gjort, som isolasjon i taket, nytt opplegg for vatn og slike ting. Og grunnstrukturen ser ut til å vere i svært god stand.
Nydelige, breie taklister i begge stovene
Nesten mest spennande er det at i både kjellaren og løa står det masse gamle møblar, utstyr og reiskap. Kommodar, hyller, bord og stolar, ein gammal skulepult, lamper, verktøy, you name it. Ein del skrot er det også men du verden så mykje fint. Når det går mot vår igjen og lyset blir litt bedre får eg ta meg ein liten fotosafari.

Men her er eit par glimt innefrå, eg følte for å dokumentere litt her i bloggen sidan dette så absolutt blir "våre henders verk" framover. No gler me oss kjempemasse til å få det ferdig og bygge og bu her om eit par års tid. Her skal bli stor, fin hage, drivhus, frukttre og bærbuskar, fjørfe i alle slags variantar, kanskje eit par sauer og ein gris eller to også. Planane er mange og store!
Fine detaljar på trappegelenderet
Gamle lamper heng der enno

Utsikta frå eit av soveromma oppe

Ein god, gammel Jøtul

Denne gamle klokka sto i ei av stovene - potensielt restauteringsobjekt?
Utskjæringar på ei av dørene - denne trur eg ikkje er original men ei gammal dør frå ein annan stad som har blitt satt inn her. Den bryter litt med stilen på resten av dørene, men er jo fin likevel!
Litt møllspiste veggar her og der er eg redd
Eit serveringsbrett i fine fargar