søndag 26. august 2012

Mammaskjørt

Det har meldt seg eit behov for klede med plass til ein veksande mage. Ein del har eg jo frå før ettersom dette er tredje runde, men så er det jo alltid kjekt med litt nytt også. Eg ville ikkje legge all verdens tid og krefter ned i dette sidan energien ikkje er på topp for tida, men eit enkelt skjørt i A-fasong tenkte eg måtte vere greitt å få til. 

Kan hende det er fleire enn meg som er i same situasjon, så her kjem ei kjapp forklaring av framgangsmåten eg brukte. Det er gjort litt på slump, og måla er dei som passar meg, så du må ta dine eigne mål og tilpasse det slik du sjølv vil ha det. Du treng eit stykke fast stoff, litt avhengig av bredda på stoffet ditt så treng du 0,5-1 meter. Så må du har eit stykke elastisk stoff, bredt nok til å gå rundt magen og ca 30 cm langt. Eg brukte rett og slett delar av ei gamal T-skjorte.

Så skal du lage eit mønster. Ta mål rundt hoftene, rett under der magen går ut, legg til 5-10 cm for bevegelsesrom og del talet på fire. Eg var 105 cm rundt hoftene, økte opp til 110 og kom fram til ca 28 når eg delte på fire. Dette blir bredda på toppen av mønsterstykket. Bruk eit stort stykke papir og mål opp denne lengda inn frå kanten på papiret slik eg har gjort på bildet under, den øverste stipla linja.

Så skal du ta lengda. Mål frå same stad du målte rundt hoftene og ned så langt du vil at skjørtet skal vere. mitt er 50 cm langt og går til rett under kneet på meg. Merk av denne lengda på mønsteret. 

No må du merke av kor bredt skjørtet skal vere nede, eg ville ha ein typisk A.fasong og la på ca 12 cm på bredda oppe for å få det til, men her er det sjølvsagt rom for variasjonar. Merk av denne bredda slik eg har gjort med den stipla linja nede. Mi bredde her er altså 40 cm.

Så trekker du ein strek på skrå mellom enden på dei to stipla linjene for å få sida på mønsteret, og tegner ein svak buefasong på linningen og nederkanten på skjørtet for å få eit finare fall. 

Det mønsteret du no sit igjen med er ein kvartdel av det ferdige skjørtet, den loddrette linja til høgre skal vere midten. Brett stoffet ditt dobbelt og legg denne linja parallelt med brettekanten, legg til ca 1 cm sømrom rundt dei andre linjene og klipp ut, så har du forstykket på skjørtet. Gjenta for å få eit bakstykke. 
Legg dei to stykka rette mot rette og sy saman i sidene. 

Så skal du lage det elastiske linningen. Gå tilbake til hoftemålet ditt frå starten, og del det på 2. Dette blir bredda på linningstykka. Finn ut kor høg linning du vil ha (mitt er på ca 15 cm) og doble dette talet for å finne høgda. Eg klipte altså ut to stykker på ca 52x30 cm. Linningen skal vere litt meir ettersittande enn sjølve skjørtet, så bredda blir litt mindre. Som de ser så går det heilt fint å bruke ei litt stor t-skjorte til dette, men det er nok ein fordel om det er litt stretch igjen i stoffet!

Sy dei to stykka til linningen saman rette mot rette. Eg er så heldig å ha overlockmaskin, hvis du ikkje har det så går det heilt fint å bruke sikk sakk.

Brett/vreng linningen i to, vrange mot vrange, som på bildet under.

Snu skjørtedelen med retta ut, og tre linningen utanpå slik at dei to sårkantane møtest. Fest sammen men knappenålar. Sidan skjørtet er hakket vidare enn linningen må du strekke linningen litt for å fordele det jevnt utover. Sy dei to delane saman langs sårkantane rundt heile. Pass på å strekke litt i linningen mens du syr også. Igjen, bruk sikk sakk eller overlock, sømmen må nemlig vere elastisk ettersom stoffet er det.

Vreng linningen opp. Legg opp skjørtet nede, og så er du ferdig!


Eg fekk to linningar ut av ei t-skjorte, så eg sydde like godt to skjørt. Dette under her er litt kortare, går til rett over kneet, noko som med ein gong gir eit heilt anna uttrykk. Det går også an å lage det rettare for eit meir smalt skjørt, eller vidare nede for eit med meir sving i. Mange variasjonsmuligheter med andre ord! Gi meg gjerne ein lyd om du lagar eit slikt skjørt, det vil eg vwldig gjerne sjå.