tirsdag 31. mai 2011

To inspirerande saker

Har de sett at Frk. Fjong har presentert fem ulike "Ukens designer" med vekt på tekstil? No kårar ho Månadens designer, klikk gjerne inn og gi ei stemme! Ho har funne fram til fleire dyktige damer, mange av dei er favorittar av meg frå før. Avstemninga er open til og med 8. juni.

Og korleis kan ein unngå å bli inspirert når ein har sånne småttingar ute i hagen? Tre stykker spretter rundt og er verdens søtaste. Det rykker i symaskinfingeren, eg må må må lage noko lite, søtt og dunete! Meir om kyllingane her

onsdag 25. mai 2011

Ulldyrrelatert: marknad og utsalsbutikk

For snart to veker sedan opna velværebutikken Just Pure i Lille Øvregaten i Bergen, og der kan du kjøpe ulldyra mine. Anne Elisabet som driv butikken tok kontakt med meg tidlegare i år for å spørre om eg var interessert i eit samarbeid. Det var eg selvfølgelig! Den vesle butikken er riktig så fin og har nydelege varer. Og den ligg i ei av Bergens trivelegaste gater, spør du meg. Ta ein tur innom om du vil ha fine gåver, gode velværeprodukt eller ein massasje!
Og sjølv om det verkar som om sommaren er over for i år, så skal Fortidsminneforeningen i Bergen arrangere sommarmarknad i Stranges Stiftelse på søndag. Lokalet på Klosteret i Bergen er kjempefint, det blir mogleg å handle både bruktvarer og handverk/brukskunst av ymse slag, og det blir kafé. Perfekt å kombinere med ein tur i Nordnesparken eller Akvariet! Eg skal vere der også med ulldyra mine, og håpar det blir ein hyggelig dag. Kom gjerne innom og sei hei, dei av dykk som bur på denne kanten!

onsdag 18. mai 2011

Har du helst på vesle Hr. Mus?

Eg må vise fram det siste ulldyret mitt, eg har leika med tanken om å lage mus ei stund og plutselig her ein dag så løsna det. Dette er prototypen, og eg er godt nøgd med han. Omlag 10 cm høg, fylt med ull og eit par teskejier ris i rumpa slik at han skal sitte stabilt og godt. Kjekt å lage noko som er litt mindre komplisert enn dei vanlege dyra!
Han skal bli gåve til ei jente her i huset som fyller fire år i morgon. No i kveld har eg sydd ein liten sovepose til han med hank på, slik at ho kan bere han rundt halsen som eit smykke. Dermed blir det ein fin liten leike å ha med seg når ein er på reisefot, enten i bilen eller andre stader. Eg håpar ho likar han!

lørdag 14. mai 2011

Dagen loppefunn: Jærstolar

Då eg var lita pleide eg og resten av familien å tilbringe alle helger og feriar i sommarhalvåret i kårhuset på garden der far min er frå. Me kalte huset "Nyastovo" sjølv om det i realiteten var rundt hundre år gamalt. Det var eit typisk lite vestlandshus frå den tida, raudmalt med kvite glas, stove og kjøken nede og to små soverom oppe. Det var straum i huset, men ikkje innlagt vatn og ikkje baderom. Besteforeldra mine budde jo i huset ved sidan av så me brukte badet der, og vatn hadde me rikelig av i brønnen. 
Eg huskar desse somrane som eviglange. Me budde i ei leiligheit i byen men kvar fredags ettermiddag pakka me bilen og sette kursen innover. Eg syns det var som å komme til paradis når me var framme. Og det er klart det var det! Masse tumleplass, grøne bakkar fulle av kvite lam, fjøra eit steinkast unna og ei snill bestemor som alltid hadde sjokolade i skapet. Livet blir vel ikkje betre enn det når du er sånn cirka seks år, trur eg.

Eg har masse sterke minne i form av sanseinntrykk frå den tida. Eg huskar godt korleis det var å stå utanfor huset om kvelden og pusse tenner mens doggen allereie hadde lagt seg i graset slik at eg vart våt på føtene. Når eg hadde lagt meg i senga og skulle sove, blei eg liggande og kikke på alle kvistane i treverket i taket. Dei danna mønster, vart til auge og snutar, og snart såg eg revar, kattar og allslags dyr der oppe. På golvet i stova låg det eit reinsdyrskinn, og eg elska å stryke gjennom pelsen med fingrane. Og så huskar eg at eg ikkje likte å sitte ved kjøkkenbordet og ete. Der var det nemlig stolar med fletta sete, og reipa i dette flettverket stakk meg i låra når eg sat der. Ytterst ubehageleg, syns eg då. Men det kan ikkje ha vore så ille, for eg huskar framleis stolane som veldig fine. Seinare har eg lært at det var jærstolar, og at dei er å rekne som ein norsk designklassikar.
Jærstolar har blitt laga på Jæren i over hundre år. Det er enkle men solide trestolar med sete av fletta sjøgras. I starten var det mange lokale produsentar, og stolane blir laga den dag i dag ved minst to fabrikkar. Dei har vore ein jevnt populær klassikar i norske interiør gjennom heile 1900-talet, og er det framleis. Då me flytta inn huset vårt for tre-fire år sidan var eg fast bestemt på at eg ville ha jærstolar. Heilt nye kostar dei bortimot 2500,- stykket, og det var jo heilt uaktuelt. Så var det å tråle Finn.no, men det var lettare sagt enn gjort ettersom det er stor rift om jærstolar. Men nedeleg hadde eg lukka med meg og fekk kapra fem stk til ein god pris. I følge seljaren er dei 40-50 år gamle, men det er veldig fint brukte og stø som fjell. dei er av typen Aksel med tre spilar i ryggen, og eg elskar dei! Eg har skrubba dei med grønnsåpevatn og pussa dei ned med sandpapir, og no er dei nesten like fine som nye.
 Så kom mannen min over ei annonse til forleden, det var ei dame som skulle rydde loftet og ville kvitte seg med fire stolar til. 50,- pr stk, skulle ho ha. Røvarkjøp! Egentlig har me jo stolar nok men eg klarte ikkje la vere så no har me jammen fire stolar til. Kan jo komme godt med når me har masse folk i huset, seier eg til meg sjølv. Desse er malte, i ein fin litt pistasjegrøn farge. Litt slitte i malingen, men enn så lenge likar eg dei godt slik dei er. Det morsomme er at desse er av Slåke-typen, dei har litt annleis "frambein" og er litt høgare, og eg syns det er sprøtt at noko så lite kan gjere så mykje for det generelle uttrykket. 
Slåke til venstre, Aksel til høgre
No gjenstår det berre for oss å bestemme oss for om det er dei trefarga eller dei grøne me skal ha framme til kvardags. Kanskje me til og med kan veksle litt på dei, skifte dei ut slik andre folk byter gardiner etter årstida? Hmm, kanskje me skulle hatt fire sett...

Heldigvis hadde eg svært god hjelp under skrubbinga av alle desse gamle jærstolane, elles hadde det tatt lang tid!
(Det er visst lang tid sidan eg lova å vise loppefunn kvar lørdag, men sidan sist har pc'en min fått ein treklosse i høg fart rett i skjermen, og er vel meir eller mindre avliden. Men eg skal prøve å få det til no framover!)

torsdag 5. mai 2011

Ukens designer

For ei tid tilbake blei eg kontakta av Frk. Fjong, ho har ein fin blogg og kjører mellom anna ein serie som heiter "Ukens designer". Ho spurte om eg ville vere med på det, og det ville eg sjølvsagt! Veldig hyggeleg å bli spurt, og veldig smigrande å vere i så godt selskap. Om du vil vite meir om ulldyra og korleis eg teiknar dei, så kan du ta turen innom Frk. Fjong og lese intervjuet!