I minst 15 år har eg vore ivrig gjest hos brukthandlarar og på loppemarknader. Som mange andre elskar eg å finne skattar i i gamalt rot og skrot, og etterkvart har det blitt ein heil del loppefunn. No vil eg vise fram litt av det her på bloggen, så kvar lørdag framover blir det nytt loppeinnlegg! Kanskje fleire vil bli med? Eg vil gjerne sjå andre sine bruktkupp også!
I dag vil eg vise fram ein slags blindpassasjer eg fekk med meg frå ein loppemarknad her i byen i fjor. Det var Dyrebeskyttelsen som arrangerte, og marknaden var utandørs. Me bur jo i Bergen, så det byrja sjølvsagt å regne. Kassane med gamle bøker blei dekt til med presenning og eg holdt på å gå heim utan å sjå på dei. Men så måtte eg berre stikke nasen nedi ei kasse likevel. Der fann eg to bind "Husmorens Leksikon" frå 1947, eg kjøpte dei fordi eg aldri kan motså eit fint marmorert bokomslag. Kika ikkje så nøye inni sidan veret var som det var. Då eg kom heim oppdaga eg alle dei morsomme småteikningane inni boka, eit fantastisk bokmerke med ugle på, og ikkje minst rosinen i pølsa - ei lita penneteikning av ei kvinne som kikkar seg over skuldra var låg laust inne i det eine bindet. Ingen signatur eller dato, så eg anar ingenting om bakgrunnen for bildet. Men eg syns det er kjempefint! No har det fått passande ramme og glas, og har fast plass på syrommet i kjellaren.