lørdag 26. mars 2011

Årets første loppemarknad

... er unnagjort for min del. Vanvittig mykje folk! Eg var der ein time etter åpning og det var ikkje lett å komme seg fram der inne. Men slik er det jo på loppis no for tida. Når eg er på loppemarknader pleier eg først og framst å sjå etter fine stoffer og gamle ullplagg. I dag var det ikkje mykje stoffer å finne, eit par dukar fekk eg med meg. Men i klesavdelinga hadde eg meir hell, ein bunke ullgensrar til 20 kr stykket skal få seg ein kokvask og bli fine, nye ulldyr etterkvart. Og så fann eg ei gammal kåpe med 20% kasjmirull og resten vanleg ull i ein fin varm kremfarge. Nydelig, mjukt stoff i den, og det skal eg bruke til noko eg har hatt lyst til å prøve meg på lenge - tøydokker! Eg kom også over eit stort garnnøste i ein fin kastanjeraud farge, det kan bli dokkehår. Ser det ikkje ut som ein bra kombinasjon?
Hønene eg har i Blåbærbutikken har vore ganske populære, og eg syns det er moro å lage dei. Desse lagar eg ikkje av tova ullgensrar men av tweedliknande stoffer, og så prøver eg å finne hønseraser som passar til stoffa. Her i hagen har me fleire høns av ulike raser og blandingar, men stashønene er utvilsomt to sølvranda wyandotter. I forrige veke klarte mannen i huset å skaffe ein hane til dei, så no blir det forhåpentligvis reinrasa kyllingar i løpet av våren! Eg har vore på utkikk etter eit ullstoff som kunne passe til desse wyandottene, og i dag kom eg over eit gamalt ullskjørt i hanefotmønster. Eg trur det kan vere tingen! 
No klør eg i fingrane etter å sette i gang med både det eine og det andre, men eg har vel ein del prosjekt eg må bli ferdig med først, som vanleg. Og no skal snart lysa slokkast i anledning Earth Hour, me skal ta oss eit glas vin og nyte ein fredeleg lørdagskveld. God kveld vidare til alle som er innom!

fredag 25. mars 2011

Fredagsfavorittar

Mine fredagsfavorittar frå Epla i dag, sidan det er Earth Hour denne helga måtte det bli grønne favorittar. Spesielt det hekla armbandet frå Fin i Formen likar eg veldig godt (i tilfelle nokon frå slekta er innom og lurar på kva eg ønsker meg til ein ikkje så altfor fjern bursdag...). Klikk på bildet for å komme til lenkene!

tirsdag 15. mars 2011

Høner og egg

Me er så heldige at me bur i byen men likevel ikkje. Det tar ti minutt med buss til sentrum, 40 minutt å gå, men hagen vår ligg på grensa til byfjella og me har villmarka og skogen tett på. Hjorten er fast gjest hos oss på godt og vondt, kattuglene sit på tørkestativet og tutar om sommarnatta og reven luskar seg stille forbi i lia bortanfor oss. Slik er det fint å bu! 

Og ein av dei absolutte fordelane er at me kan ha ein liten hønseflokk i hagen. Akkurat no har me åtte høner i ulike fargar og fasongar, og dei forsyner oss med nydelige egg til frokostbordet. Eg har lenge tenkt eg skulle lage høner til Blåbærbutikken, og no var endeleg tida moden. Eit par prototypar blei utvikla og har blitt leika hardt med av husets produkttestarar, og det ser ut til at hønene tåler ein støyt. Eg har brukt ulike ullstoff av tweedtype som eg har hatt liggande, eg elskar tweed sjølv og har spart på desse stoffa til eit passande prosjekt. Så no introduserar eg hønsekolleksjonen min - inspirert av hønene som bur i hagen!

Og eg har også gjentatt fjorårets hit med påskeegg sydd av fine, gamle stoffer. For det meste vintage gardinar, dukar og andre gjenbruksstoffer men også eit par innslag av økobomull frå nettbutikken. Eg er godt fornøyd, men dei slår ikkje dei usannsynleg lekre nyansane på egga som kjem frå hønsehuset!

PS: Har du sett at eg har oppretta facebookside for Blåbærbutikken?

onsdag 2. mars 2011

Pippikostyme

I dag vil eg vise fram kostymet eg laga til karnevalet i barnehagen forrige fredag. Skjønt kostyme er vel å ta litt hardt i, det er strengt tatt berre ein forklekjole. Men her i huset meiner me at det er tilbehøret som gjør eit antrekk, og det er heilt klart tilbehøret som spelte hovudrolla denne gongen også! 

I fjor sydde eig ein kjempefin rødhettekappe til dottera i huset (kvelden før, sjølvsagt) men ho nekta fullstendig å ta den på seg. Det var ikkje snakk om å kle seg ut til noko karneval, aldeles uaktuelt. Det skal nevnast at jenta var midt i verste trassalderen og aldri ville ha på seg noko nytt før det hadde gått minst ei veke. 
No er ho snart fire og heldigvis litt meir fornuftig, men likevel vart eg overraska då ho begynte å snakke om karneval lenge før jul. Ho ville vere Pippi, sa ho. Flotte greier, sa eg og tilbydde meg å sy forklekjole med lomme på magen, akkurat som i Pippiboka. Ja, men ho trengte apekatt også, fekk eg til svar. Herr Nilsson måtte jo sjølvsagt vere med! Det har sine ulemper å drive kosedyrproduksjon i kjellaren, på heimefronten blir det nemlig forventa at ein kan trylle fram kva det skal vere på null komma niks. Men eg tenkte at apekatt skulle vel gå an, og resultatet låg under juletreet på julaftan. Herr Nilsson var ein sikker hit, han har blitt dulla med og lekt med kontinuerlig sidan jul. Det varmar eit morshjerte når ein ser at den mest populære julegåva var den som var heimelaga! 
Men etter ei stund begynte det å bli snakk om hest også. Kostymet ville ikkje vere komplett utan Lille Gubben. Hjelpes, tenkte eg, får eg dette til? Men då det slo meg at det kunne vere kjepphest, løsna det. Og kjepphest blei det. Dette er ein prototyp med heilt klart forbetringpotensiale, men han gjorde jobben.  Egentlig skulle han hatt både nasebor og grime også, men det får eg ha til gode. No er eg er hekta og har lyst til å lage ein heil serie kjepphestar! Hvis eg berre hadde hatt tid...
Det spøkte for heile karnevalet då me fekk omgangssjuka i hus og hovudpersonen begynte å kaste opp på mandagen før. Ho hangla seg gjennom veka men var heldigvis frisk til fredagen og deltok i karnevalsfest med liv og lyst. Og med dei finaste accessories i heile barnehagen, om eg skal seie det sjølv!