torsdag 28. oktober 2010

Mønster og oppskrift til dokkebleie

Tenk deg ein treåring som likar å kle av og på babydokka si og har gjort det eit par gonger dagleg i halvtanna år. Tenk deg at denne treåringen er midt i verste skal-klare-alt-sjølv-vil-ikkje-ha-hjelp-fase. Tenk deg korleis papirbleia som fulgte med då dokka var ny no har mista alt som liknar på hefteevne og slett ikkje vil sitte på dokka når treåringen prøver å ta den på. Tenk deg vidare korleis denne treåringen ligg på golvet og hyler fordi ho ikkje får til å ta på bleia men heller ikkje vil la andre nærme seg for å hjelpe til. Pust djupt ti gonger og prøv å tenke ut ei løysing. Det var i alle fall det eg måtte gjøre, og då kom eg opp med tøybleieidéen. Klart dokka skal ha tøybleie når lillebror brukar det! Treåringen var heldigvis (HELDIGVIS) enig og krisa var avverga for denne gong.

Eg tenkte å bruke noko flanell frå eit gamalt dynetrekk, men jenta har god smak og ville ha uglestoff, rosa må vite. Som innerstoff brukte eg kvit flannel. Til eit slikt prosjekt passar det med alle mulige restestoffer, men det blir jo litt ekstra moro med fine fargar eller spreke mønster på utsida.

Du treng ytterstoff og innerstoff på ca 30 x 30 cm kvar, tre lengder buksestrikk på 10 cm, og to små bitar med borrelås. Klipp delane etter mønsteret på bildet under, eg trur det skal bli rett storleik når det blir printa ut i A4-format men eg har ført på måla i tilfelle det ikkje funkar.
Klipp ut innerdel og ytterdel i dobbelt stoff, legg mønsteret med den sida merka 'Brett' mot stoffbretten. Sømmonn er inkludert, klipp altså etter den svarte linja. Då får du delar som ser sånn ut:
Legg ytterdelane rette mot rette og sy rundt. La det vere ein vrengeopning heilt framme på bleia (nederst på bildet under). Dersom du syr i flanell er det viktig å berekne bra med sømmonn, sidan den har lett for å rakne. 
Finn fram strikkane og fest dei til sømmonnet, ein i livet bak, og ein i kvar beinopning, sjå markeringar på mønsteret. Strekk strikken mellom dei to punkta og fest i kvar ende med ei knappenål.
Sy fast strikken med sikk-sakk, strekk den mens du syr.Gjør det same på kvar side av beinopningane
Klipp av hjørna og klipp evt hakk i buene, slik at bleia ser fin ut når den blir vrengt. Vreng rettsida ut, bruk ein blyant eller strikkepinne for å få vrengt hjørna heilt ut. Sy igjen opninga framme med ein stikning.
Sy fast borrelåsbitar etter kryssmarkeringane på mønsteret. NB: husk at bakpå bleia skal dei syast på innsida, mens framme skal dei syast på utsida av bleia. Det kan vere lurt å prøve på dokka for å sjekke at plasseringa blir riktig, evt kan du sy på ein lang bit borrelås framme i staden for to små bitar. Då blir bleia meir fleksibel og kan passe til dokker eller bamsar med ulike magemål. Du kan sjølvsagt bruke trykknappar i staden for borrelås dersom du heller vil det.

 Då er bleia klar til bruk, og treåringane kan klare seg sjølve igjen!