torsdag 28. oktober 2010

Mønster og oppskrift til dokkebleie

Tenk deg ein treåring som likar å kle av og på babydokka si og har gjort det eit par gonger dagleg i halvtanna år. Tenk deg at denne treåringen er midt i verste skal-klare-alt-sjølv-vil-ikkje-ha-hjelp-fase. Tenk deg korleis papirbleia som fulgte med då dokka var ny no har mista alt som liknar på hefteevne og slett ikkje vil sitte på dokka når treåringen prøver å ta den på. Tenk deg vidare korleis denne treåringen ligg på golvet og hyler fordi ho ikkje får til å ta på bleia men heller ikkje vil la andre nærme seg for å hjelpe til. Pust djupt ti gonger og prøv å tenke ut ei løysing. Det var i alle fall det eg måtte gjøre, og då kom eg opp med tøybleieidéen. Klart dokka skal ha tøybleie når lillebror brukar det! Treåringen var heldigvis (HELDIGVIS) enig og krisa var avverga for denne gong.

Eg tenkte å bruke noko flanell frå eit gamalt dynetrekk, men jenta har god smak og ville ha uglestoff, rosa må vite. Som innerstoff brukte eg kvit flannel. Til eit slikt prosjekt passar det med alle mulige restestoffer, men det blir jo litt ekstra moro med fine fargar eller spreke mønster på utsida.

Du treng ytterstoff og innerstoff på ca 30 x 30 cm kvar, tre lengder buksestrikk på 10 cm, og to små bitar med borrelås. Klipp delane etter mønsteret på bildet under, eg trur det skal bli rett storleik når det blir printa ut i A4-format men eg har ført på måla i tilfelle det ikkje funkar.
Klipp ut innerdel og ytterdel i dobbelt stoff, legg mønsteret med den sida merka 'Brett' mot stoffbretten. Sømmonn er inkludert, klipp altså etter den svarte linja. Då får du delar som ser sånn ut:
Legg ytterdelane rette mot rette og sy rundt. La det vere ein vrengeopning heilt framme på bleia (nederst på bildet under). Dersom du syr i flanell er det viktig å berekne bra med sømmonn, sidan den har lett for å rakne. 
Finn fram strikkane og fest dei til sømmonnet, ein i livet bak, og ein i kvar beinopning, sjå markeringar på mønsteret. Strekk strikken mellom dei to punkta og fest i kvar ende med ei knappenål.
Sy fast strikken med sikk-sakk, strekk den mens du syr.Gjør det same på kvar side av beinopningane
Klipp av hjørna og klipp evt hakk i buene, slik at bleia ser fin ut når den blir vrengt. Vreng rettsida ut, bruk ein blyant eller strikkepinne for å få vrengt hjørna heilt ut. Sy igjen opninga framme med ein stikning.
Sy fast borrelåsbitar etter kryssmarkeringane på mønsteret. NB: husk at bakpå bleia skal dei syast på innsida, mens framme skal dei syast på utsida av bleia. Det kan vere lurt å prøve på dokka for å sjekke at plasseringa blir riktig, evt kan du sy på ein lang bit borrelås framme i staden for to små bitar. Då blir bleia meir fleksibel og kan passe til dokker eller bamsar med ulike magemål. Du kan sjølvsagt bruke trykknappar i staden for borrelås dersom du heller vil det.

 Då er bleia klar til bruk, og treåringane kan klare seg sjølve igjen!

tirsdag 3. august 2010

Nye ulldyr!

Endelig har eg fått sydd litt på det fine nye arbeidsrommet, og resultata ligg i butikken! Pingvinen er som nevnt siste tilskot til menageriet, han er ein staselig kar med flette på magen.
Eg syns også at denne lilla stegosauren blei fin, no må eg halde augene opne etter fleire lilla ullgensrar...

tirsdag 20. juli 2010

Babyteppe

Endelig er pc'en heime igjen og me kan surfe på nokolunde vanleg vis igjen...
Eg har flytta inn i nytt syrom i kjellaren etter vekesvis med rydding og maling, og er no i gang med å sy nye ulldyr til eplabutikken. Elles har det ikkje vore mykje søm i sommar. Men eit lappeteppe til ei ny lita niese har det blitt. Familien har to gutar frå før, så eg hadde lyst til å lage noko riktig jentete utan å bli for "rosa". Teppet er laga av brukte stoffer, det einaste som er kjøpt nytt er bomullsvatten i midten som er noko eg hadde liggande frå tida før eg blei gjenbruksfiksert. I det eine hjørnet er det sydd fast ein liten hekleduk som babyen si oldemor har hekla. Ho lever diverre ikkje lengre, men ho er kjelde til mange gode minner og var ei av dei som alltid hadde opptil fleire handarbeid på gang. Eg er nøgd med resultatet, og veslejenta ser ut til å vere det også!

lørdag 3. juli 2010

Just checking in

Her er me i sommarmodus og dessutan har pcen krasja, dermed blir det lite blogging, lite surfing og lite lagt ut på Epla. Den gamle pcen som eg brukar no er ulideleg treig... Ikkje at eg egentlig har noko å legge ut for det er ikkje mykje sying som foregår for tida heller. Derimot held eg på å rydde eit kjellarrom som skal bli kontor og syrom! Sidan me flytta hit for to og eit halvt år sidan har det vore lagerplass for alt mulig brukbart og ubrukeleg, det har vore vinterlagringsplass for planter og det har vore oppalsrom for kyllingar. Med andre ord - fullt av rot, støv og jordsøl. Så det tar si tid å rydde og vaske, eg tar det i rykk og napp mens ungane søv. Håpar eg blir ferdig i løpet av neste veke!

I mellomtida låner eg bilder av Heidi frå passelig dose, ho er ein av dei som driv Galleri Branntårnet i sommar og ho har laga eit innlegg om bua der dei sel blant anna ulldyra mine! Her er eit nytt tilskot til menasjeriet; pingvin! Den kjem nok til å dukke opp i butikken i løpet av sommaren. Opprinneleg var det ein kunde som lurte på om eg kunne lage pingvinar, ho ville ha ein i gåve til ei lita jente som var så glad i sånne. Eg teikna og prøvde meg litt fram, og pingvin blei det! Eg elskar å lage nye mønster, har massevis av idear også, berre synd det er så lite tid til å gi dei liv...


Her er pingvinen passande nok plassert i lag med t-skjortene og visittkorta til Unni Strand, også dei med pingviner...

torsdag 27. mai 2010

Dyrene i Afrika


...er ein av favorittsongane til jenta i huset, den synger ho både titt og ofte. Også når ho inspiserar mora sitt arbeid no om dagane. Her går det nemlig i dyreproduksjon, dei fleste skal avgårde til Galleri Branntårnet i Risør for salg i sommar. Så eg har nok å gjøre.

Men ein må jo innom brukthandlane i ny og ne, seinast kom eg over denne perla. Eit lite brodert vertinneforkle i lin. Nydelig, synest eg, både fargar og former. Eg får ein viss 50-talsvibb av mønsteret, kan det stemme tru?

onsdag 21. april 2010

Solhattar

Når sola tittar fram er det på tide å lage nye solhattar til ungane. Og med det var ei ny dille født så no blir det sydd solhattar opp og i mente. Eg hadde ikkje noko mønster så det måtte eg lage sjølv, utfordrande men veldig tilfredsstillande når ein får det på plass etter ein del tilpassing og finpussing. Desse små hattane er ein kjempefin måte å få brukt fine stoffbitar slik at dei kan bli vist fram i all si prakt... foreløpig har eg lagt ut tre skikkelig 70-talshattar på epla, så snart eg får tid hareg planar om å sy nokre meir romantiske og sarte. Og også nokre med meir grafiske trykk, stripar og sirklar. Moro!

tirsdag 13. april 2010

Loppefunn

I helga var det loppis igjen, eg var på plass fem minutt etter åpningstida kl. 9. ikkje verst når ein tar i betraktning at mann og barn og eg skulle stå opp, gjørast klare, matast og pakkast i bilen. Eg blei droppa av på loppemarknaden mens resten fòr på besøk til svigers sidan det var ganske nærmt. Så var det berre for meg å ringe når eg var ferdig for at den snille mannen skulle komme susande for å hente meg igjen.

Det var ein ok loppemarknad, men dei prisa seg jammen høyt. Likevel fekk eg med meg eit par ting, kuppet var ein handlepose full av snorer og band til ein femtilapp. Mesteparten var på spoler framleis, med prislapp, det må ha stamma frå ein butikk ein eller annan gong vil eg tru. Ein del er frå Trengereid fabrikker, som vart etablert i 1895. Varer frå Trengereid dukkar ofte opp på brukthandlar, eg syns logoen er så fin!


Elles kjøpte eg litt stoff i form av gardiner og sengetøy, men eg fann altså ikkje ein einaste ullgenser! Det var ganske uvanleg. Eg har jo i grunnen eit ganske stort lager, men er stadig på jakt etter fargar som ikkje er så vanlege på lammeullsfronten, gult og oransje for eksempel. Skulle gjerne hatt det for å lage fleire bananer og appelsiner. Jaja, dei to neste helgene er det nye sjansar!

onsdag 7. april 2010

Ein gammel ullgenser får nytt liv igjen


No er det eit år sidan eg begynte for alvor å bruke gamle ullplagg til å lage nytt, og eg kan vel trygt seie at eg no har bygd meg opp eit bra lager med materialer etter ein del loppemarknader og brukthandelbesøk. Eg finn stadig nye bruksområder, her er noko eg sydde til minstemann i huset. Ein ulldress kan vere god og varm både i bilen eller i vogna, eller når han sit i bæresele på magen. Dette er ei stor genser som vart krympa i vaskemaskinen, den blei godt tova så dressen er ganske tjukk men likevel veldig god og mjuk. Eg brukte nederste del av erma til ermer på dressen, fiffig eller? Så måtte eg skøyte på litt nederst på beina sidan genseren ikkje var lang nok til å dekke heile lengda på dressen. Og rutemønsteret havna på baksida men eg bomma litt på mønsterrapporten... Har ikkje prøvd den så mykje endå sidan den fortsatt er litt stor, men snart håpar eg den kan bli flittig brukt.


Me brukar tøybleier på guten vår, og søstra også det første året hennar. Mange tenker vel at det er mykje pes med skylling og koking og slikt, men det treng ikkje vere slik. Tvert i mot er det overraskande lettvint! Det er eit vell av ulike løysingar der ute, det vanskelegaste med heile greia er egentlig å finne ut ka ein skal velje. Så langt brukar me ull som sperrelag, ullbukser som er behandla med lanolin held fuktigheita inne i bleia. Denne vesle ullbuksa er sydd av ein suprmjuk lammeullsgenser, eg har brukt ei favorittbukse me hadde frå før som mal og klipt og sydd på frihand. Den ser i allefall ok ut, no gjenstår det å sjå om den vil halde tett.

søndag 28. mars 2010

Blå knappar

Fleire frå siste knappefunn, dei tre i midten er av glas, den vesle blomsterforma mulig perlemor, eller plast som dei andre. Eg likar spesielt godt dei turkisblå med kvite striper, dei gir meg litt 50-talsvibbar. Er det rart ein blir glad når ein kjem over slikt?

torsdag 25. mars 2010

Knappar for dagen

Eg likar knappar. Eg elskar dei faktisk. Andre her i huset vil seie at det grensar til sjukelig, men eg veit om fleire andre som også kan sitte og telle knappar ein regnversdag og vere såre fornøyd med det. Dattera mi på snart tre år tegnar til å bli ein slik, det varmar eit morshjerte. For ikkje så lenge sidan kom eg over ei korg full på ei av favorittbruktsjappene, og eg tilbrakte ein lykkeleg halvtime med å sortere meg gjennom dei mens minsten sov i vogna. Kom ut med kanskje 100 stk av dei finaste til 35 kroner, og følte meg direkte oppløfta! Mange av dei var av glas, både klart og farga, det kan kanskje tyde på at dei er gamle? Eg veit i grunnen veldig lite om datering av knappar, det er visst tid for å drive litt online research.
Klare glasknappar - legg merke til "vaffelhjerta" på den største! Dei fem mellomstore har også hjerter på seg, kjempefine.
Svarte glasknappar i ulike variantar

onsdag 24. mars 2010

Fuglereir

Jo nærmare våren kjem, jo større blir fascinasjonen for fuglar og egg. Kjem kjøttmeisen tilbake til fuglekassa i år? Når ser me første grågåsflokken på veg nordover? Skal ikkje svarttrosten snart begynne å synge? Eg fann denne oppskrifta på nettet og måtte berre prøve:

fredag 19. mars 2010

Påskeegg

Eg likar påske. Då er det så godt som vår. Dessutan er egget sentral i påska, og eg er svak for alt som har med egg og fuglar å gjøre. Dei seks hønene i hagen vår har begynt å verpe igjen, og egga er rett og slett nydelege.
Eg har etterkvart ganske mykje stoff liggande, det samlar seg opp etter eit utal besøk på loppemarknader og brukthandlar. Gardinar, dukar, sengetøy, klede, massevis av fine fargar og trykk på småbitar og større stykker. I fjor på denne tida tenkte eg at eg skulle sy påskeegg neste år, etter å ha sett det ein aller annan stad på nettet. Og det eg innser no er at desse små egga er ein perfekt måte å bruke alle dei fine stoffa slik at dei kjem til syne i staden for å ligge i ei mørk skuffe.
Eg ser også at eg lar meg inspirere av egga frå hønsehuset - det går mykje i dei same duse, sarte fargane. Det er ein litt skarp gul der som skil seg ut, eg har faktisk veldig lite gult i stofflageret mitt men syns nesten eg måtte ha med noko sidan det er påske me snakkar om.
Når eg først sette i gang så klarte eg nesten ikkje å slutte, det var så mange stoff eg ville bruke og så tilfredsstillande å finne gode kombinasjonar. Så det blei ein del egg. Nokre av dei er til sals i Blåbærbutikken.

mandag 15. mars 2010

Roser i håret

Eg har leikt meg med småbitar av ullfilten min og laga søt hårpynt for småjenter - kanskje store jenter også? Eg er fornøyd med resultatet sjølv om det tok tid både å klippe og sy. Men det er jo fine smågåver, om eg skal seie det sjølv!

torsdag 11. mars 2010

Loppemarknadstid igjen!

Loppesesongen er i gang igjen, og sist lørdag fekk eg endeleg prøve meg igjen. Med ammebarn i heimen måtte det planleggjast godt, bussrutene vart studert nøye for å finne ut korleis eg skulle komme meg kjappast mulig frå ein ende av byen til ein annan og tilbake så eg slapp å ha meg meg unge og vogn på skattejakt. Det gjekk på under tre timar og guten sov heile tida, så det kan seiast å vere vellukka! Det var ikkje den beste loppemarknaden eg har vore på, men eg kom jo heim med litt likevel. Her er eit utval:

Fine blåblomstra bomullsstoff, begge er dokkesengetøy og virkar ganske gamle men i god stand


Eit par broderte dukar, ein del flekkar på dei men dei kan klippast opp og brukast til andre ting


Eit putetrekk med klassiske retroblomar


Ein bunke lammeullsgensrar som skal bli mjuke dyr


Ein knallraud rund duk


Dette som eg trudde var ein slik sak som ein kan nøste opp garn med, men eg innser no at det kanskje er for å lage slike vevspoler. Nokon som veit?

onsdag 10. mars 2010

Eit par nye

Stegosauren er jo ein gamal kjenning, det var det første dyret eg tegna sjølv. Moro å kunne bruke detaljar av andre stoff syns eg, og ein ypperleg måte å få fram fine småbitar. Ein oransje ein er klipt og klar for symaskina, men eg er ikkje heilt fornøyd med kontraststoffet så eg ventar litt og ser om det dukkar opp noko anna.

Haren/kaninen kom til med tanke på påske, ei høgtid eg set stor pris på. Eg trur det må vere at med påska kjem våren, alt er lysare og lettare og det blir hagetid igjen. I år blir det nok spesielt bra etter denne lange, lange vinteren! Eg har planar om å lage fleire variantar av denne haren, i ulike material og fasongar. Har ein med bein på tegnebrettet akkurat no, pluss at denne liggande skal få eit par småjusteringar. Den ser litt framtung ut på bildet, så eg skal fylle ut brystpartiet ein smule i alle fall.

Eg har problem med å få fram spesielt grønne nyansar på bilder, dette stoffet er ikkje berre grått, det har grønne og blå sjatteringar som står veldig fint til dei rosa øyrene. Eg må visst få meir konsulenthjelp frå familiefotografen. Eg er veldig godt fornøyd med linjene i haren, syns den er ganske riktig på eit eller anna vis sjølv om den er stilisert.



lørdag 6. mars 2010

Søtsaker

Vel og bra med sunn frukt og grønnsaker av ullfilt, men ein skal jo ha litt kos også... Også er det jo så moro å pynte med perler og blomar! Slikt kan det fort bli muffins av.