tirsdag 25. juni 2013

Frøken Ku skal ut og reise

Det vil seie, ho har reist allereie. I helga for ho av stad for å bu hos ei lita niese av meg som fylte tre år, og ettersom eg høyrer så trivst dei visst godt i lag. Om du vil sjå meir frå då frøkna skulle ut på tur så klikk deg inn gjennom bilda under.



Kua er sydd av tova ullstrikk, og kleda er sydd av ymse gjenbruksmaterialer, alt frå gamle ullgensrar til brukte skolisser. Det tok litt av under photoshooten, den eine ideen tok over etter den andre så det var ikkje lite accessoarer som dukka opp underveis. Moro var det i alle fall!

torsdag 13. juni 2013

Vinnar

Kjapt innom for å trekke ein vinnar av den oransje dinosauren - det blei Slaraffenliv med kommentar nr. 9 som stakk av med seieren - gratulerer! Ellen har ein veldig kjekk blogg som eg ikkje har sett før, den har eg tenkt å følge vidare. Ho lagar også knallfine pungar som ho selger i eplabutikken sin. Kikk gjerne innom! Ellen, eg tar kontakt i løpet av morgondagen.

Kjekt med gibort, då dukkar det opp masse folk med bloggar eg ikkje visste om. Når eg har litt betre tid ein dag skal eg kikke meir grundig innom dykk, takk til alle som var med!

onsdag 12. juni 2013

Husk gibort i morgon

Det er enno plass til mange fleire i giborten min som du finn her - ein oransje dinosaur står og ventar på ein ny heim!

Ellers er visst dette tida for å fullføre halvferdige prosjekt, i dag har eit par-tre masker som har venta lenge endelig fått auge. Får håpe dei finn noko fint å sjå på, då. Reven ligg ute her, ugla kjem snart.



torsdag 6. juni 2013

Ny nettside og gibort!

Det har vore litt stille på ulldyrfronten i det siste, men eg har altså jobba i kulissane. Eg har lenge hatt lyst til å lage eit slags galleri eller ei oversikt over ulldyra eg lagar, men vore litt usikker på korleis eg skulle gjøre det. Til slutt landa eg på å lage ei enkel nettside, ulldyr.no. Dette syns eg jo er verdt å feire og tenkte derfor å gi bort ein oransje dinosaur, fersk frå symaskina!
Les meir om dinosauren her. Ta turen innom nettsida og legg igjen ein kommentar her om kva som er ditt favorittdyr for å vere med i trekninga. Elles vil eg jo gjerne ha fleire som følger med meg, både her og på facebook, så om du lenker/likar så blir eg veldig glad for det! Eg trekker ut ein vinnar om ei veke, altså torsdag 13. juni.

Og eg har jammen drive og sydd litt også, så no er det litt fleire ting å velje mellom i eplabutikken. Symaskina durar jevnt og trutt, sjølv om det blir små økter om gangen så blir det jo litt av det så eg satsar på jevnlig påfyll i butikken framover!


tirsdag 28. mai 2013

Jentekjole

Eg er så glad, glad, GLAD for at førskulejenta har kome over ullskrekken sin! Eg er usikker på kva som utløyste den i si tid men fryktar at det var eit ublidt møte med ein altfor-tjukk-og-stiv genser ein gong. Frå ho var tre til ho var fem nekta jenta konsekvent å gå med strikkeklede, takk og lov var ullundertøy greitt. Men gradvis tilvenning ser ut til å ha funka, og no har ho til og med ønska seg ny genser til hausten. Det begynte med luer og votter og fortsatte med tunika - eit magisk ord som får jenter til å ikle seg alt frå kjoler til vestar til gensarar. I alle fall her i huset. Og når me kom så langt som til denne kjolen her så var det faktisk heilt greit å kalle det kjole også, og jenta har gått med den heile vinteren med stor glede. Mission accomplished!

Den var altså ferdig i januar ein gong, men bloggelysta har vel vore heller laber i vinter. Eg viser den like godt fram no, for eg er i grunnen ganske fornøyd med den. Eg har tatt utgangspunkt i oppskriften Mauna, men sidan eg ser ut til å vere ute av stand til å følge eit mønster til punkt og prikke så blei det litt andre løsningar denne gongen også. Eg droppa stripene og la inn eit felt med juksefletter i livet i staden, syns det ga ei fin markering pluss at eg hadde lyst til å prøve litt mønsterstrikk. Men eg ser at eg av ein eller annan grunn har strikka ei rad glattstrikk i rødt under dette mønsterfeltet, gjett om det går meg på nervane! Så laga eg i-cordavslutning nederst, det syns eg funka veldig fint og eg kjem definitivt til å bruke det igjen.

Garnet er Shetland soft frå Malsen og Mor, strikka frå toppenog ned på pinne nr 3,5. Eller var det kanskje 4? Trur eg må begynne å bruke Ravelry meir aktivt så eg kan ha kontroll på detaljane. Har hekla rundt åpningen bak, og sydd på ein knapp frå stashet som jenta valgte sjølv. Den er nok egentlig litt i tyngste laget men ho syns den var så fin, og då måtte det bli den. Alt som kan bidra til at dei små vil bruke heimelaga klede går eg med på med glede! Eg syns fasongen på kjolen er kjempefin, og driv no og leitar etter noko liknande i voksenversjon. Ikkje særlig ammevennlig kanksje, men hvis eg begynner no så er eg sikkert ferdig å amme til den blir ferdig. Tips anyone?


fredag 24. mai 2013

Eit lam om våren

Til de som kommenterte på forrige innlegg og ønska oss lukke til - det gjekk over all forventning på førskuledagen! Flinke jenta hadde tydeligvis bestemt seg for at dette skulle gå bra, og det var ikkje ei tåre eller ei skjelvande underleppe å sjå, berre resolutt vilje. Det lovar bra for både skulestart og livet ellers, håpar eg. 

No er det vel på tide å vise fram gåva ho fekk til seksårsdagen sin. Eg spurte henne i god tid kva ho ønska seg, ein plass på lista etter klokke, dongeribukse, prinsessematboks og eit-eller-anna-som-lagar-lyd-og-har-blinkande-lys-samme-kva-det-er svarte ho at ho ville ha eit lite lam. Det måtte vel gå tenkte eg og satte i gong med skisser. Som vanleg vart eg ferdig i siste liten, kvelden før faktisk. 

For eit par veker sidan kjøpte eg den nye boka til Abby Glassenberg. Endå eg reknar meg for ein etterkvart erfaren leikedyrmakar var her ein del nye idear og gode tips om teknikkar, og eg prøvde meg på eit par nye ting her. Artig! Det var ganske tidkreande derimot, men kankje eg lagar ein litt enklare versjon til eplabutikken etterkvart?


tirsdag 21. mai 2013

Med hjertet i halsen

Jenta mi fylte seks år på søndag, og det betyr at ho skal begynne på skulen til hausten. I likheit med sikkert alle andre seksåringar i landet gler ho seg og gruar seg på same tid. Men eg er litt redd for at ho gruar seg meir enn ho gler seg. Jenta er ganske sjenert eller kanskje snarare reservert, ho likar ikkje å forholde seg til folk ho ikkje kjenner og ho hatar oppmerksomheit. Ho likar seg best i trygge, vante omgivnader og ho vil helst ha familien rundt seg. Men ho er svært sjølvstendig, ho har klare og bestemte meiningar og ho er både smart og vakker. Så eg trur nok det vil gå henne godt i livet, men akkurat no har ho ei litt røff tid stakkar, der ho gråter i skjul fordi ho ikkje maktar tanken på å vere åleine, heilt åleine, blant eit hav av andre førsteklassingar ho ikkje kjenner. Kven kan klandre henne for det?

Første bøyg kjem no på torsdag, då er det førskuledag. Eg og ho og minsten skal ned på skulen og møte læraren og dei andre som skal gå i klassen.  På eit tidspunkt i løpet av dei to timane me skal vere der skal foreldra gå frå ungane og vere på eit foreldremøte i eit anna rom. Dette gjer den stakkars jenta mi livredd. Og det gjer meg vondt å sjå at ho har det så vondt. Kva skal ei stakkars mamma gjøre då? Eg veit ikkje.

Men eg prøver på mitt vis å få henne til å føle seg trygg, og ein ting eg tenkte kunne vere verdt eit forsøk er å lage ein slags amulett til henne, noko ho kan ha med seg som eit teikn på at ho har oss med seg i ånden i alle fall. Så eg fann fram stoff og tråd og prøvde meg på litt brodering - ikkje mi sterkaste side men det er jo gøy å prøve seg. 
Eg er ikkje egentlig sånn som likar å dekorere med hjerter overalt, men i dette tilfellet passar det jo bra, dessutan er det jo sånt småjentene likar. Så hjerte blei det, av ein mjuk ullstoffrest, pynta med broderi, perlemorsknapp og glassperler. På baksida broderte eg forbokstavane til pappaen, meg og dottera. Hjertet er fylt med litt ull, og tredd med eit smakt silkeband så ho kan velje om ho vil ha det i lomma eller rundt halsen under genseren. Eg kryssar fingrane for at dette hjertet gir henne den tryggheita ho treng, og at førskuledagen ikkje byr på altfor store traumer!




fredag 19. april 2013

Ny leike til minstemann

Minsteguten i huset er fødd med Downs syndrom. Det har unektelig gitt oss ein del å tenke på dei siste to månadene, og gjort at me har fått ein del nye perspektiv  på ting. Ei av dei viktigaste utfordringene framover no mens han er liten, er å sørge for at han får rikelig med stimulering, både fysisk, sosialt og sansemessig. Som mamma med pasjon for handlaga leiker griper eg jo naturlegvis muligheita for å lage noko nytt!

Denne hodefotingen som eg kallar den er inspirert av noko eg har sett før, eit ansikt i filt. Tanken er at den høge kontrasten i fargane (svart, kvitt og raudt) er lett å sjå og noko spedbarn tydeleg reagerar på. Lett gjenkjennelege ansiktstrekk er bra for sosial trening, leiken kan f.eks. hengast opp i bilsetet slik at guten har noko å sjå på under lengre bilturar. I tillegg til berre ansiktet ville eg også ha noko som kunne utfordre sansane på litt sikt når han begynner å ta på og halde ting. Derfor la eg til heilt enkle armar og bein, med knutar ytterst. Eg kan huske at dei andre to ungane likte å fikle med knutar då dei var små. Som vanleg har eg brukt ullstoff frå gamle, tova gensarar, og fylt hovudet med rein ull. I tillegg har eg sydd inn knitreplast i hovudet og beina, slik at det blir litt lyd når ein tar på dei. Plasten kjem rett og slett frå ein pakke nudlar som var middag sist veke. 

Foreløpig synest minsten det er kjekkare med ekte ansikt, kven kan vel klandre han for det. Men han viser heldigvis interesse for denne her også, så då er mammaen fornøyd. Og dessutan har han jo ivrige storesøsken som er veldig opptatt av broren, så eg trur ikkje det skal mangle på sosial stimulans framover!

mandag 18. mars 2013

Nød lærer naken kvinne å spinne

... eller å flette masker med kulepenntopp. Når du er på biltur og har glemt hjelpepinnen kan det hende du finn ein sånn om du rotar lenge nok rundt i veska. Funkar som berre det.





















Dette skal bli Rosamund's Cardigan, eg har ikkje strikka noko så stort til meg sjølv på mange, mange år og er rimelig spent på korleis resultatet blir. Det er ikkje fullt så mykje strikketid no som babyen er på utsida og ikkje inni, så det går litt tregt. Men før eller seinare skal eg bli ferdig. Det blir kanskje seinare heller enn før.

fredag 8. mars 2013

Babystrikk

No er det snart gått fire veker sidan minste gut i huset meldte sin ankomst - og sidan har tida blitt brukt til alle mulige babyrelaterte ting. Det har ikkje blitt noko handarbeid gitt, bortsett frå å sy gamle handdukar om til vaskeklutar då det viste seg at me trengte mange, mange fleire. Det har også meldt seg eit behov for mange, mange gulpeklutar og smekker, det får bli neste utfordring tenker eg.

Men eg rakk jo heldigvis å strikke litt til guten før han plutselig ville ut to veker før termin. Ei lita lue strikka uten mønster og litt på slump, eg begynte i toppen og jobba meg nedover mens eg heile tida håpa at eg huska sånn nokolunde kor stort (evt. lite) eit nyfødt babyhovud er. Og det klaffa heldigvis ganske bra! Garnet har eg hatt liggande i mange år, det er Arwetta super fine merino, fantastisk mjukt til ein sånn liten tass. Det nuppar og strekker seg ein del i bruk meiner eg å huske, men det gjør ingenting når det er snakk om ei sånn lita lue som skal brukast berre no i spedbarnstida.

Jakka er Korrigan, strikka av ei hespe Hjertegarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk som eg kjøpte når eg eg var innom utsalget deira for ei tid tilbake. Eg trur det er lys bondeblå, ein fin blåfarge med litt grønnskjær. Eg strikka den minste størrelsen men hadde nok litt laus strikkefastheit så jakka kjem til å passe ei god stund framover. Eg strikka den også litt lengre enn det som står i mønsteret, og eg brukte perlestrikk på knappestolpen og nederkanten i staden for ribb, for eg er så glad i perlestrikk og syns det står fint til flettemønster. No angrar eg litt på at eg ikkje valde perlestrikk nederst på erma også. Til slutt sydde eg på tre gamle perlemorsknappar frå knappeboksen

Var ikkje overbegeistra for garnet, eg syns det var litt stivt og ubehagelig å strikke med og var bekymra for korleis det ville vere i bruk. Heldigvis blei det mjukare etter ein vask, og eg synest flettemønsteret blei ganske godt definert med dette garnet. Men eg kjem nok ikkje til å kjøpe det igjen. 

I det heile tatt er eg godt nøgd med resultatet, jakka var gøy å strikke og fargen var fin, og den vil nok bli mykje brukt framover!